Førstekonsulent

NTNU - Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet · Ålesund, Norge · full-time, permanent · På stedet · for 5 dager siden

Registrer deg for å søke
Den første er gratis
Publisert 8. oktober 2026 · Lest fra NAV
Hvorfor en CV for denne stillingen?

94 % av arbeidsgiverne sier at filtrene deres luker ut kvalifiserte kandidater når CV-en ikke stemmer med de nøyaktige kriteriene i annonsen (Harvard Business School, 2021).

  • De ser det de ba om, først. Erfaringen din som passer med annonsen, kommer først, med annonsens egne ord, så den som skumleser finner den på sekunder.
  • Den kommer forbi programvaren. Mange større arbeidsgivere bruker programvare som rangerer CV-er etter hvor godt de stemmer med annonsen, ofte før noen leser dem.
  • På annonsens språk. En annonse skrevet på spansk får en CV på spansk, selv om din er på portugisisk.
  • Dine fakta, ingenting oppdiktet. Din egen erfaring, omorganisert og omformulert. Det annonsen vil ha og CV-en din ikke viser, listes opp så du kan legge det til, bare hvis det stemmer. Du sjekker den før du sender den.
Se et eksempel

Dette er NTNU

NTNU er eit breiddeuniversitet med ein teknisk-naturvitskapleg hovudprofil og eit tyngdepunkt

innan profesjonsutdanning. Universitetet er lokalisert i tre byar med hovudsete i Trondheim.

På NTNU jobbar over 8300 tilsette og 43 000 studentar med å skape kunnskap for ei betre verd.

NTNU i Ålesund består av fem institutt og har fagleg hovudprofil innanfor hav, helse, teknologi og internasjonal business.

Video:

https://www.youtube.com/watch?v=_KHQjc4ndas&t=41s

Som førstekonsulent ved campus Ålesund, vil du få

fast tilsetting i 100 % stilling ved Seksjon for utdanning i Ålesund. Du får ein variert arbeidskvardag i eit spennande universitetsmiljø, der du arbeider med studieadministrative oppgåver og digitale system. Du blir eit viktig kontaktpunkt for studentar, tilsette og eksterne, og ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der vi samarbeider om gode løysingar. Stillinga gir deg også gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling.

Du blir ein del av ein seksjon som arbeidar tett på dei administrative fagmiljøa både i Ålesund, Trondheim og Gjøvik. Våre arbeidsoppgåver spenner seg frå tilrettelegging, timeplan, eksamen, internasjonalisering, læringsstøtte, studentdemokratiet og studieadministrative system. Stillinga rapporterar til seksjonssjef for seksjon for utdanning i Ålesund. Seksjonen er ein del av Avdeling for utdanning ved NTNU.

Stillinga passar godt for nyutdanna som ønskar å utvikle seg innan administrasjon og saksbehandling.

Kva vil arbeidsdagen din bestå av?

  • for- og etterarbeid relatert til gjennomføring av eksamen

Du bidreg til at eksamen blir godt førebudd, gjennomført og følgd opp for studentar og tilsette.

  • vere kontaktpunkt, handtere førespurnadar i ekspedisjon/sentralbord og digitalt i våre systemer

Du møter mange ulike spørsmål og hjelper studentar, tilsette og eksterne med å finne rett informasjon eller kome vidare til rett plass og person.

  • innkjøp og bestilling

Du følgjer opp bestillingar og innkjøp som trengst for den daglege drifta både i seksjonen og på campus.

  • saksbehandling

Du behandlar administrative saker og sørgjer for at dei blir følgde opp på ein ryddig og effektiv måte.

  • andre studieadministrative oppgaver

Du tek del i varierte oppgåver i seksjonen og bidreg til at dei administrative tenestene fungerer godt i kvardagen.

Kva trengs for å vere kvalifisert for stillinga?

  • du må ha relevant utdanning på bachelornivå eller tilsvarande. Relevant erfaring, gjerne kombinert med fagbrev innan IKT- eller kontor- og administrasjonsfaget, kan kompensere for utdanningskravet.
  • du må ha god digital kompetanse
  • erfaring med relevante digitale system og verktøy
  • ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Det er ein fordel om du

kjenner til eksamenssystem, anten som student eller brukar. Det er fint om du har erfaring med administrative system i utdanningssektoren. Det er også ein fordel om du har erfaring frå eitt eller fleire av fagområda i seksjonen. Erfaring frå brukar- eller kundestøttesystem vil også vere relevant.

Kven er du som person?

Vi ser etter deg som arbeider nøyaktig og strukturert, og som er fleksibel når arbeidskvardagen endrar seg eller tempoet aukar. Du tek ansvar, viser engasjement og samarbeider godt med andre for å finne gode løysingar. Du kommuniserer tydeleg og møter studentar, kollegaer og andre med ei serviceinnstilt haldning.

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg vi vekt på utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt din motivasjon for stillinga.

Kvifor skal du velje oss?

  • tilsette ved NTNU har ei rekke goder og fordelar for tilsette du vil nyte godt av, i tillegg til at du som statsansatt får gunstige vilkår i Statens pensjonskasse
  • spennande og utviklande oppgåver i eit sterkt og internasjonalt arbeidsmiljø
  • opent og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • vere ein del av eit leiande internasjonalt universitet

Løn og vilkår som er gjeldande for stillinga

I stillingskode 1408 førstekonsulent vil du normalt lønast frå brutto kr 550 000 til kr 650 000 pr. år avhengig av

kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkarar kan ein noko høgare lønsinnplassering vurderast. Frå løna vert det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Tilsettinga vert gjennomført etter prinsippa i statsansatteloven, og lovverk som regulerar eksport av kunnskap, teknologi og tenester. Det kan skje endringar i arbeidsområdet.

Viktig å vete om søknaden din

Vi gjer merksam på at søknaden berre blir vurdert ut frå informasjonen som ligg føre ved utløp av søknadsfrist. Sørg difor for at søknaden din tydeleg syner korleis evnar og erfaringar fyll kriteria som er beskrive over.

Søknaden må innehalde:

  • CV, attestar og vitnemål

Vi ber ikkje om søknadsbrev. For oss er det meir relevant med ein beskrivande CV som syner kva du har av erfaring og kompetanse. Du må også svare på spørsmål i søknadsskjemaet, der du utdjupar di relevante erfaring og kompetanse som du meinar passar for denne stillinga.

Dersom heile eller delar av utdanninga di er gjennomført i utlandet, ber vi deg legge ved dokumentasjon på omfang og kvalitet for heile

utdanningsløpet ditt, både bachelor- og masterutdanning, i tillegg til anna høgare utdanning. Skildring av kva dokumentasjon som er naudsynt finn du her. Dersom du allereie har ein profil frå HK-dir, er det fint om du legg ved den også.

NTNU - kunnskap for en bedre verden

Ved NTNU, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, blir det skapt kunnskap for ei betre verd og løysingar som kan endre kvardagen.

Arbeidsgiver
NTNU - Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Sted
Ålesund, Norge · På stedet
Ansettelsesform
full-time, permanent